Til startsiden

Nasjonal diktning

- Et greit sted å starte hvis du leter etter kulturstoff!

Tilbake

Arbeiderdiktning
Folkediktning
Nasjonal diktning
Norrøn diktning
Poesi
Viser

Billedkunst på nett
Film
Idrett
Litteratur
Musikk
Plateselskaper

 

Sigernessjøen

Fagert er landet

Fagert er landet du oss gav,
Herre, vår Gud og vår Fader!
Fagert det stig av blåe hav,
Soli ho sprett og ho glader,
Signar vårt land i nord og sud,
Soleis di åsyn lyser, Gud,
Yver vårt Noreg i nåde.

Likjest vårt folk i mager jord
Skjelvande blomen på bøen,
Stend utan livd i vind frå nord
Tett innmed kanten av snøen.
Herre, du ser med miskunn ned,
Folket vårt giv du livd og fred,
Er oss so kjærlig ein Fader.

Her ned i grunnen sveiten rann
Trufast åt fedrene våre.
Her dei sin heim og dugnad fann,
Dogga med smil og med tåre.
Her hev det flødt ei såkornflod
Varm av vårt beste hjarteblod,
Her hev me grorbotn å veksa.

Tidi ho renn som ei elv mot os,
Fort skiftar sumar med vetter.
Fader, ver alltid Noregs los
Radt til dei seinaste ætter;
Herre, vår Gud, vår Noregs Gud,
Varda vårt land frå fjell til flud,
Lær oss å gå dine vegar!

Signa då, Gud, vårt folk og land,
Signa vårt strev og vår møda,
Signa kvar ærleg arbeidshand,
Signa vår åker med grøda!
Gud, utan deg den vesle urt
Veiknar og visnar, bleiknar burt,
Ver oss du ljoset og livet!

A. Hovden

 

Søk med Kvasir

Tilbake

Tips andre om siden!

 

Bokmerk siden!

Opphavsrett

Redaktør: Liv Wenger - Webmaster: Harry Wad © Wenger Wad ANS

Oppdatert 12.04.2004