| Millom bakkar og berg ut med havet
hever nordmannen fenget sin heim,
der han sjølv hever tufterna gravet
og sett sjølv sine hus uppå deim.
Han såg ut på dei steinutte strender,
det var ingen som der hadde bygt.
"Lat oss ryddja og byggja oss grender,
og so eiga me rudningen trygt."
Og han vandest til vågnad og møda,
der han laut vera herdig og sterk,
men han høyrer med hugnad ei røda
um stor manndom og dugande verk.
Kring om dalen stod fjelli som grindar,
men um bergi var grasgrøne band;
der han gjekk millom heidar og tindar
og der såg han so vidt yver land.
Han såg ut på det bårute havet;
der var ruskut at leggja utpå;
men der leikade fisk ned i kavet,
og den leiken den vilde han sjå.
Fram på vetteren stundom han tenkte:
"Giv eg var i eit varmare land!"
Men når vårsol i bakkarne blenkte,
fekk han hug til si heimlege strand.
Og han lyddest til framande strender,
der var alltid for trongt og for tett,
og han lengtade til sine grender,
og på heimvegen gjekk det so lett. |
Han var før til at våga og strida,
og han likade dan, som var sterk,
og som inkje mot fåren mun kvida,
der det spurdes um dugande verk.
Og når liderne grønkar som hagar,
når det laver av blomar på strå,
og når næter er ljose som dagar,
kan han ingenstad venare sjå.
Sud um havet han stundom laut skrida.
Der var rikdom på benkjer og bord;
men kring um såg han trældomen kvida,
og so vende han atter mot nord.
Når han kom på dei rikaste leider,
såg han tidt at han litet var kjend;
men han visste ein vyrdnad og heider,
som kann bu i den armaste grend.
Lat no andre om storleiken kivast,
lat deim bragla med rikdom og høgd!
Millom kaksar eg litet kann trivast,
millom jamningar helst eg er nøgd.
Lat oss vona, han endå med æra
um sin rett måtte verja so vel,
at kvar lurande tvingar må læra,
at han fær inkje honom til træl.
"Lat deim hava den æra, dei kunna,
og sin rikdom og styrke dertil,
når som berre dei meg vilja unna
at få råda min arv, som eg vil."
|