Håvamål - Den Høyes Tale
1 Augo du bruke før inn du gjeng, i kot og i kråom, i kot og i krokom. For d'er uvisst å vita kvar uvener sit føre din fot. 2 Sæl den som gjev! Gjest er inn komen, kvar finn han sess åt seg? Brå vert den som på brandom skal sitja og føre ærend fram. 3 Eld han tarv som inn er komen og om kne kulsar. Til mat og klede den mann hev trong som hev i fjell fari. 4 Vatn og handduk han ventar å få, når til bords han vert beden. Syn godlaget fram, så greileg du kan, med ord og attbeding. 5 Vit han tarv som vidt skal fara; d'er mangt heime høveleg. Til bisn han vert som veit for lite, når han sit med kloke folk saman. 6 Av sin eigen klokskap kyte ingen, men ver håvar i hug. Når du gløgg og tagal i gardane sviv, du kjem ikkje brått i beit. 7 Grannvar mann, til gjestebod komen, teier med andre talar. Lyder med øyro og med augo skodar, veltenkt og føre var. 8 Sæl er den som seg mun vinne fagre ord av folk. Endå det er ymist med det du eig i annan manns barm. 9 Sæl er den som sjølv mun eige livsens hugnad og heider. For ofte hev menn ille råder aust or barmen hjå andre. 10 Betre byrdi du ber kje i bakken enn mannevit mykje. D'er betre enn gull i framand gard; vit er vesalmanns trøyst. 11 Betre byrdi du ber kje i bakken enn mannevit mykje. Med låkare niste du legg kje i veg enn ovdrykkje med øl. 12 Inkje så godt som godt dei seier er øl for manne-ætt. Di meir du drikk, di mindre vit mun du i hausen hava. 13 Gløymsle-hegren over gildet sit, han maktstel mange. I fjørene hans eg fjetra vart i garden hjå Gunnlòd. 14 Øren vart eg og ovdrukken hjå den frode Fjalar. Best er gildet, gjeng du ut att heil i sinn og sans. 15 Klok og tagal skal kongsson vera, frøkleg gange han fram. Gladvær og fjåg kvar gut skal svive til sin døyande dag. 16 Ein stakkar tykkjest han støtt må leva, når han strid mun sky. Men alderdomen gjev ingen mann fred, om spjut honom sparde. 17 Kópen glanar når til gilde han kjem, fumlar fåmen og mullar. Så snart han ein slurk av skjenken fær, då utan stans han sullar. 18 Han eine veit, som vide reiser og om mellom folk hev fari, kor vel sin hug han held i taum, kvar som veit kva vit er. 19 Spar ikkje mjøden, men med måte du drikk; sei det som tarvst eller tei! Ikkje nokon neise deg kan for du tidleg vil kvile om kveld. 20 Ov-etar, om han ikkje seg sansar, et seg heilt i hel. Mang ein tull vert for magen sin til lått mellom kloke karar. 21 Bølingen veit når frå beite han skal koma heim om kveld. Men ovnøyta, ho aldri veit å høve mage-mål. 22 Vesal-mannen og meinkroken alltid lastar og ler. Ikkje han veit det han vita turvte: han sjølv hev last og lyte. 23 Vitlaus mann vaker all natti, tenkjer både opp og ut. Han er trøytt og mod når morgonen kjem, og alt er flokut som før. 24 Vanklok mann trur vel om alle som hugblidt mun helse. Ikkje han ser at dei snaror legg han, når han sit med kloke saman. 25 Vanklok mann trur vel om alle som hugblidt mun helse. Det ser han fyrst når til tings han kjem: av frendar eig han få. 26 Vanklok mann veit alt, han trur, der mellom bergi han bur. Men når framandfolk honom finn, rådlaus røynest han då. 27 Vanklok mann som vankar ute, det er tryggast han teier. At lite han veit, det varest ingen, utan for mykje han mæler. 28 Frod den tykkjest som frega kan og sjølv eitkvart seia. Ikkje nokon av løyner det som ut er ført mellom folk. 29 Ovnøgdi mæler den som aldri teier, bort i byr og heim. Ei radmælt tunge som låkt er tøymd ofte seg ugodt gjel. 30 Til narr skal ingen ein annan hava, om på gjesting han gjeng. Ofte trur seg klok den inkje vert spurd, når trygt i ro han ruggar. 31 Tykkjest gjest klok som tek til sprangs, når i gilde han gjest hev hædt. Han veit ikkje fullvel, den som flirer i laget, om han ikkje range folk råkar. 32 Mange gode grannar du finn som alltid må antrast i gilde. Opphav gjerest til æveleg strid, når gjest er rang imot gjest. 33 Ein dugleg åbit skal du eta jamleg, når du på gjesting vil gange. Då slepp du sitja svolten og kei, så du maktar lite å mæle 34. Omveg er jamt til utrygg ven, om midt i bygdi han bur. Men beinvegar gjeng til den gode venen, om han er langt av lei. 35. Gange skal du, gjest ei vere alltid på einom stad. Ljuv vert lei som lenge sit kyrr på annans krakk. 36. Eit lite bu er betre enn inkje, heime er kvar mann herre. Hev du geiter to og ein tausperra sal, då tarv du ikkje tigge. 37. Eit lite bu er betre enn inkje, heime er kvar mann herre. Hjarta bløder når beda du skal om mat til kvart eit mål. 38. Våpni sine skal mann på vollen ikkje gange eit fet ifrå. Uvisst er å vita når pùå vegom ute det spørjast kan etter spjut. 39. Ingen så gjevmild og gjestmild eg fann, han tok ikkje gåvor og takka. Eller så gjev-sæl med godset sitt, han ei lika med løn du takka. 40. Eigni di, som du avla deg hev, treng du kje spara for deg sjølv. Tidt til leie folk gjeng det til ljuve var tenkt, mångt verre gjeng enn ein vonar. 41. Med våpen og klede skal vener gåvast, det vert på dei sjølve synt. Likt gjevande lengst er vener, om elles alt seg lagar. 42. Venen sin skal ein vera ven og løne gåve med gåve. Til lått skal mann med lått svara og møte ljuging med lygn. 43. Venen sin skal ein vera ven, honom og hans ven. Men med uvens ven venskap halde høver kje fagna folk. 44. Veit du ein ven som vel du trur, og du hjå han fagnad vil få: gjev han heile din hug og gåva ei spar, far og finn han ofte. 45. Veit du ein annan som ille du trur, og du fagnad vil likevel få: du fagert mæle, men falskt tenkje, og ljuging møte med lygn. 46. Eit ord til om den som ille du trur og ikkje kan lit til leggje: le skal du med han og låst vera ven; lik vere gåve og løn. 47. Ung var eg fordom, eg einsaman for, vegvill då eg vart. Rik eg tottest når eg råka einkvar; mann er manns gaman. 48. Milde, modige menn lever best, dei el seg sjeldan sut. For alt ottast udjerv dreng, gjerug gryler når han fær. 49. Kledi mine kasta eg til tremenn to på voll. Kaute karar med kledi dei vart, neist vert naken mann. 50. Turkar toll som i tunet stend, det hjelp' korkje bork eller bar. Så er kvar mann som kjærleik vantar, kvi skal han lenge leva! 51. Heitar' enn eld brenn hjå ille vener fagnad i fem dagar. Men det sloknar når den sjette kjem, då all venskap versnar. 52. Ikkje tarv gåvor så gilde vera, ein ofte fangar lov for lite. med ein liten braudleiv og læta i staupet eg fekk meg ein felage. 53. Brand brenn av brand til brunnen han er, loge kveikjest av loge. Ved rødor ein mann med menn vert kjend, hen vert dott ved å dølja seg byrg. 54. Grunne sjøar og grunne sandar, og d'er grunt i hugen hjå mange. Du ingen stad alle jamkloke finn; all stad er det båe slagi. 55. Måteleg klok kvar mann vere; ovklok vere han ikkje. For sjeldan er hugnad i hjara å finne hjå honom som ovklok er. 56. Måteleg klok kvar mann vere; ovklok vere han ikkje. Lettast er livet å leva for den som vel noko veit. 57. Måteleg klok kvar mann vere; ovklok vere han ikkje. Sin lagnad ingen øygne føreåt, då er han sælast i sinn. 58. I otta du rise vil du rikdom taka, og vil du folk felle. Sjeldan liggjande ulv lammekjøt fær, eller sovande mann siger. 59. I otta du rise hev du onnfolk få, og gange og garden din vitje. Mangt øyder mann som om morgonen søv; rask er halvveges rik. 60. Mål på turrved og tekkjenever lyt mang-mannen vita; kor stor ein ved-kost som vara kan heile halve året. 61. Tvegen og mett ride mannen til tings, om han dog klent er kledd. Korkje brok eller skor skjemmer nokon, og heller ikkje hesten, om han er låk. 62. Kurer og sturer, til sjøen komen, ørn ved utgamle hav. Slik er den mann mellom mange folk som eig frendar fåe. 63. Frega og tala den frode skal, om vis han heite vil. Det ein veit, er utrygt hjå to; det tri veit om, det veit alle. 64. Makti si må ein mann med vit hovsamt og høveleg bruke. Jamt han det finn når hjå frøkne han kjem, at ingen er aller best. 66. Mykje for snart mangstad kom eg, sumstad kom eg for seint. Ål var drukki, ubrygt sumstad, sjeldan kjem lei til lags. 67. Stundom til bords dei bedi meg hadde, om eg ikkje trong mat til måls; eller to kjøtlår hekk hjå den trugne venen, der eg eitt hadde eti. 68. Eld på åren og sol på eng er best for mannsens born, helsa si å hava heil og lytelaust å leva. 69. Endå ver kje vonlaus om hu veiknar, helsa; sume av søner fær sæle, sume av frendar, sume av fe-eign, sume av velgjort verk. 70. Betre å leva enn livlaus vera, kvik fær alltid ku. Bål for rikmannen brenne eg såg, lik føre døri låg. 71. Er du halt, kan du ride, handlaus gjæte, er du dauv, kan du duga i strid. Blind er betre enn brend å vera; daud mun ein lite duga. 72. Son er kjærfengd, om seint komen, etter faren før. Sjeldan bautasteinar nær brauti stend, utan frendar fekk dei reist. 73. Av to i ein her er tunga hovuds bane. Fram or kvar ei kufte kan det krjupe ei hand. 74. Den prisar natti som nista si trur, stutte er skips rær; hastig er haustnatti; på fem dagar er det så ymist med været, og endå meir på ein månad. 75. Aldri han trur det, som ikkje det veit, kor folk vert galne for gull. Ein er rik og ein annan fattig, legg det kje honom til last. 76. Døyr fe; døyr frendar; døyr sjølv det same. Men ordet om deg aldri døyr vinn du eit gjetord gjævt. 77. Døyr fe; døyr frendar; døyr sjølv det same. Eg veit eitt som aldri døyr, dom om daudan kvar.
Tilbake
English translation